[email protected]


Logo
Bli medlem
Utleie klubbhus

Blindheim-suksess under RM

Forfatter: Vegard Gjerde Buset

09. februar 2015

News article image

Fire gull, eit sølv og ei bronse

Mykje jubel under RM U19. Her jublar både gutane og jentene for gull på heimebane.

I helga vart regionsmeisterskapa i Møre og Romsdal spelt. Det vart konkurrert i klassane U15, U17 og U19. Blindheim var i storform, og vann ikkje mindre enn fire av dei seks regionsmeisterskapa, og tok i tillegg medalje i alle. Lat oss gå gjennom turneringane, ei etter ei:

GU15: Blindheim tapte finala mot Volda. Tok likevel sølv etter mykje godt spel. Er no kvalifiserte for NM i Stjørdal, attpåtil med ein oppløftande fjerdeseeding. Så godt ender det neppe i NM, men eit NM vil verte ei stor oppleving for gutane.

JU15: Blindheim vann 2-1 mot Volda. Anført av Jenny Juliebø, som allereie har debutert i eliteserien, sikra Blindheim seg gullet og kvalifiserte seg for NM i Stjørdal. Der vert dei seeda langt nede, men uansett vil nok NM også for jentene verte ei stor oppleving.

GU17: Blindheim sto for eit kjempesjokk og slo KFUM Volda 2-0 i finala her. Gjennom heile sesongen har KFUM Volda vore det beste laget i U17-klassa, og no i helga var dei attpåtil forsterka av to spelarar på ToppVolleyNorge. Men Blindheim lot seg ikkje stoppe, vann gullet, og sikra plass i NM i Bodø i mars. Der vert Blindheim seeda som nummer 3, men ei eventuell medalje vil nok vere ei minst like stor overrasking som sigeren mot Volda for det unge laget med fleire hospitantar frå U15.

JU17: «Berre» bronse for JU17. Eit surt semifinaletap mot Volda (29-31, 23-25) kosta Blindheim finalebilletten, og dermed også ein plass i NM.

GU19: Blindheim tok gull også i G19-klassen. Mot eit Volda-lag med ikkje mindre enn fire ToppVolleyNorge-elever var Blindheim sterkast, og vann 2-0 (25-22, 25-19) i finala. Dermed klarte laget å forsvare tittelen i U19-klassa, noko som var eit av delmåla for sesongen. Med sigeren seedast Blindheim som nummer 8 i NM, ei høveleg seeding.

JU19: Blindheim vann også denne klassa. 2-1siger over favorittane frå Volda i finala gjorde at Blindheim altså kvalifiserte seg til NM, anført av eliteopplegger Birgitte Hjembo. Seedinga i NM vert ikkje den beste, men laget vil sikkert håpe på å kunne overraske enda ein gong!