NM 2016 - GU19
Forfatter: Vegard Gjerde Buset
01. mars 2016
Kvifor valet av lagbilete?
Kva tenker vi om NM?
Kan vi klare å slå Førde i innleiande spel?
Vil Bjørn Duwe og Niklas Lillerovde finne fram til Sandane?
Til helga er det klart for noregsmeisterskap for U19. I år stiller GU19 eit lag med åtte spelarar, med ulik erfaring frå tidlegare. Før omtrent alle NM vi har delteke i, har vi sagt at primærmålsetjinga er å kome til kvartfinala, og deretter å ta ein kamp om gongen. Sjeldan har dette vore meir sant enn i år. Eit jamnare startfelt med så mange medaljekandidatar har eg ikkje sett før. Eg har tidlegere skrive at eg ser på fire lag som dei største favorittane (Asker, Askim, Austrått og Dristug), medan vi er i ei utfordrargruppe som kan ende opp med ei medalje med den rette flyten.
Skal vi basere oss på resultata frå U17-NM for to år sidan, har vi kome i den nest tøffaste pulja i årets U19-NM. Vi, Førde og Tønsberg var alle i kvartfinala for år sidan, og skal no kjempe mot Gneist om to kvartfinaleplassar. Eg overraskar ingen om eg seier at det å ikkje kome til kvartfinala vil vere ekvivalent med at NM er ein enorm nedtur.
Det blir ikkje lett å vinne gruppa. Laget frå volleyballhovudstaden, Førde, er eit solid lag. Dei har spelt to finalar i skule-NM dei to siste åra, og heile førsteseksaren har fått mykje speletid i 1.divisjon. Dei slår meg som sagt som eit solid og stabilt lag, kanskje spesielt i servemottak og forsvar. Det Førde manglar, i mine augo, før dei er eit verkeleg topplag, er høgd og ekstremferdigheiter ved nettet. Totalt sett trur eg det er fullt mogleg å slå Førde, og at vi kjem til å gjere det om vi spelar på maksnivået vårt. Likevel veit eg at om Førde også presterer maks, og får sitt angreps- og blokkspel til å sitje, så er dei eit særs vanskeleg lag å slå.
I første kampen møter vi eit spanande Tønsberg-lag. Dei har mange unge spelarar, og er enorme favorittar før U17-NM neste helg. Dei er nok ute etter å sikre seg ein kvartfinaleplass også i U19-NM. Så dette kan fort vise seg å verte ein vanskeleg kamp, sjølv om vi har gode erfaringar frå tidlegare møte med Tønsberg. Med siger i denne kampen vil mykje vere gjort med tanke på ein kvartfinaleplass.
Det siste laget i pulja er Gneist. Det unge bergenslaget fekk ein bonusplass, og er dårleg rangert. På papiret bør vi altså slå dei ganske greitt. Men vi Blindheim veit betre enn nokon kor misledande NM-seedinga kan vere. Vi veit betre enn nokon korleis det er å ha stempelet «påfyll», men å krige seg heilt til semifinala. No er det vår tur til å vere høgt seeda, og til å skulle halde unna for eit dårlegare rangert lag. Det må vi få til, dersom vi skal kome til semifinala.
Dersom vi klarer å gå til kvartfinala, aner eg ikkje kven vi møter. Men same kva motstandar vi vil få i ein eventuell kvartfinale, så vil det ikkje verte ein lett kamp!
Uansett ser vi fram til ei ny NM-deltaking!
Og kvifor har vi eit såpass «uproft» lagbilete? Vel, for det første så er vi neppe det laget som tek NM mest seriøst. For det andre har vi faktisk ikkje hatt ei einaste trening der heile laget (alle åtte) har vore samla, slik at vi har kunne teke eit «skikkeleg» bilete. Så i staden vart det Photoshop, klipp og lim. Slik går det når lunger, biholer, kne og halsar skapar problem før NM!