[email protected]


Logo
Bli medlem
Utleie klubbhus

Toppkamp og tribuneåpning !

Forfatter: Magne Elde

04. september 2018

News article image

Blindheim IL Fotball saman med A-laget herrar vil invitere ALLE på kamp !

Torsdag 6.september kl.18.30. møter A-laget herrar Norborg/Brattvåg 2 til toppkamp i 5.divisjon herrar. I samband med denne kampen vil vi «offisielt» åpne den nye flotte tribuna vår og vil vi gje ein ekstra oppmerksomhet til laga våre som imponerte på Norway Cup.


Frå kl.17.30 på stadion vil det bli ulike aktivitetar på stadion.
Katta i sekken, sal av popcorn og slush, open kiosk med sal av pizza m.m.
Det blir kamplotteri med flotte premiar – hovedgevinst er kampbilettar til neste Aafk-kamp «2+2 pakke». I pausa blir det «Norway Cup hyllest» og offisiell opning av tribuna m.m.
Ca. Kl.18.00. vil coach Preben fortelje publikum om sine tankar før toppkampen.


Jubelkonkurranse : Vi utfordrar alle guttelaga i klubben til å vere den beste heiagjengen.
Møt opp i klubbutstyr, skap liv og rør på tribuna gjennom å heie, synge sangar, lage plakatar m.m. Vinnarlaget får sponsa ein pizzakveld på miljørommet for laget verdi 2500,-.
Dette blir kåra mot slutten av kampen.