[email protected]


Logo
Bli medlem
Utleie klubbhus

Siste sjanse - siste heimekamp

Forfatter: Vegard Gjerde Buset

24. februar 2016

News article image

Det er onsdag - og det er snø
Laurdag klokka 16 møter vi Austrått på heimebane

Det er onsdag. 24.februar viser kalenderen. Når eg ser ut av vindauget i hallen, ser eg framleis snøen ligge på bakken, blaut og kvit. Sandvolleyballbanene er òg dekt av snø, med ein stor vassdam midt på. Kunstgrasbana ligg urørt og umåka, som eit nær 6000 kvadratmeter stort teppe ingen ynskjer å grise til ved å trakke på.

 

Det er med andre ord lite som tyder på at volleyballsesongen går mot slutten. Men på laurdag spelast dei siste heimekampane i Blindheimshallen i sesongen 2015/16 for 1.divisjonslaga. Austrått frå Sandnes og NTNUI frå Trondheim skal vitje hallen for å kjempe om dei seks siste poenga som skal delast ut i Blindheimshallen i år. I praksis er ikkje kamputfalla så viktig, tabellane har sett seg, og ein veit korleis serieavdelingane kjem til å ende.

 

Men det hadde vore godt med ein heimesiger før snøen forsvinn. Eg skal ikkje legge skjul på at det er keisamt, og litt irriterande, å framleis ikkje ha vunne ein 1.divisjonskamp på heimebane. I rankingturneringane har vi prestert godt, og vore det sjette beste laget i 1.divisjon til no. På bortebane har vi fått ein siger, i cupen har vi fått ein siger, men heime i Blindheimshallen ventar vi framleis.

 

Første kampen var mot Førde i oktober. Laget frå volleyballhovudstaden i Noreg spelte ein solid kamp, og Einar Torjusen tok om lag 25 poeng frå sin diagonalplass. Vi tapte kampen 0-3, og fekk ikkje den starten vi hadde vona å få. Neste sjanse var mot Dristug, som nærmast serva oss av bana. 0-3 igjen. Så møtte vi Topp Volley. Kanskje vår svakaste kamp i år, dei fekk det altfor lett. Ingen hadde forventa korkje siger eller settsiger mot TVN, men likevel. Vi kunne no ha gjeve dei litt motstand! Så, i førre kamp, møtte vi Nyborg. Vi tok vår første sett på heimebane, men tapte likevel kampen 1-3. Ein spelemessig okei kamp, der vi gjorde mykje bra. Men vi vann altså ikkje.

 

I staden voner vi å vinne på laurdag. Motstandar er Austrått. Vi slo dei 3-2 på bortebane i oktober. Ein bra kamp, mot eit ungt lag. Kan vi slå dei igjen? Ja, sjølvsagt kan vi det! Om det blir lett? Nei, sjølvsagt vert det ikkje det! Austrått har tatt store steg i år. Unge spelarar har nytt godt av mykje speletid i den nest øvste divisjonen i landet, og dei har lokka sandvolleyballstjerna Bjarte Usken attende til parketten. Rapportar frå nokre av kampane til Austrått tyder på at Usken er ein solid spelar innendørs også. Dersom han spelar på laurdag, vil vi forvente at han får store deler av legga, og vi må førebu oss på ein tøff kamp i forsvar. Dersom han spelar, vil eg diverre seie at Austrått er favorittar på laurdag.

 

Men same kva for spelarar som står på andre sida av nettet, så skal vi gje alt. Fordi dette er siste sjanse. Fordi dette er siste heimekampen. Fordi dette er siste gong vi spelar saman i Blindheimshallen. Fordi vi ynskjer å takke eit talrikt og støttande publikum for ein morosam sesong. Fordi det er no eller aldri. Fordi dette er siste sjanse.

 

Og fordi mykje er annleis neste onsdag. Neste onsdag er det ingen fleire heimekampar igjen. Eg vil vite at det er mange år til eg igjen skal spele heimekamp i Blindheimshallen. Men neste onsdag skal eg igjen sitje i hallen, sjå ut av vindauget, og spørje meg sjølv; kvar vart det eigentleg av all snøen frå førre veke?

 

 

Laurdag 27.februar

Blindheim - Austrått (Herre) 16.00
Blindheim - NTNUI (Dame) 18.00