Tøft å vere keeper !
Forfatter: Magne Elde
20. mars 2018
I samarbeid med vår A-lagskeeper herrer, Anders Kroken, så vil vi ha fokus på keeperrolla i barnefotballen fram mot sommaren.
Vi vil køyre ei samling med fokus på trenarane og korleis dei kan legge til rette for keepertrening og 6 samlingar med reine keepertreningar.
Tirsdag 10.04 : Trenarsamling med teori og praksis ved Anders Kroken.
Tema : Korleis kan vi organisere keepertrening på eigne lag. Kva skal vi fokusere på ?
Målgruppe : Lagstrenarar 7-14 år. Tidspunkt : Kl.17.00-19.00.
* Keeperar i aldersgruppa 11-14 år møter som objekt på samlinga.
Keeperlørdagar :
Anders vil køyrer keepertreningar følgande 6 lørdagar kl.11.00-12.30.
- Lørdag 14.04. - Lørdag 21.04. - Lørdag 05.05.
- Lørdag 12.05. - Lørdag 26.05. - Lørdag 02.06.
Målgruppe : Keeperar på laga i aldersgruppa 11 til og med 14 år. Både gutar og jenter.
Ingen påmelding – dei som vil møter og det håpar vi blir mange !
Det er kjekt om trenarane også er med å observerar treningane.
Har du spørsmål ?
Kontakt Magne på : [email protected]
Dette blir kjekt 😊