Flott sesongavsluttning!
Forfatter: Daniel Holmeide Strand
13. desember 2017
A-lag og juniorlag fotball feiret året
Flott sesongavsluttning !
Innsendt bidrag fra trener Magne Elde.
Fredag kveld var A-laget og juniorlaget samla på klubbhuset for å avslutte eit flott fotballår !
På programmet stod det god julemat, prisutdelingar, litt underhaldning og ikkje minst kjekt sosialt samvær.
A-lags og juniorfotballen i Blindheim har hatt ei flott utvikling dei siste åra, der vi har fått fleire til å bli med lengre, samstundes somvi har spelt 1.divisjon junior og kjempa heilt i toppen i 5.divisjon med A-laget.
Juniorlaget vart nr. 7 i årets 1.divisjon. Målet med juniorlaget har i år har vore å gje mange speletid, utan eit sterkt resultatfokus.
A-laget har vi jobba beintøft for å få opp i 4.divisjon i år, og vi var særs nær å lykkast !
I siste delen av sesongen har vi vore divisjonens beste lag, slått både Ørsta og Valder(som var dei to som rykka opp) og knapt tapt ein fotballkamp.
Kun 1 tap på dei siste 12 seriekampane, eit tap som kom heime mot Herd 2. Det i ein kamp der vi møtte eit særs «toppa» Herd 2-lag og leia kampen 3 gangar.
Vi alle er nok framleis litt skuffa over at det ikkje vart opprykk, men vi har uansett hatt ei flott utvikling og har noe in god miks mellom «gamalt» og ungt i troppen.
Statistikken til fotballkretsen viser at vi er 5.divisjons yngste lag(snittalder). Vi har løfta den litt i høst, kansje har det gjort at vi har vore litt meir stabile i prestasjonanen våre. Vel å merke seg er det at vi har hatt ei særs bevist haldning i forhold til at vi skal bygge eit lag rundt våre eigne gutar !
Blindheim sitt A-lag skal først og fremst vere eit lag for Blindheimsgutar. Sjølvsagt er det lov å «krydre» med nokon utanfrå om det passar seg slik, men i lokalfotballen er det for meg sjølvsagt at lokale lag, skal bestå av lokale(eigne) gutar. I år har samtlege i stallen utanom Preben T. vore ekte Blindheimsgutar, det er vi vanvittig stolte av !
Her er utruleg mykje bra å bygge vidare på, og gode forutsetningar for at innan kort tid så skal A-laget kunne ta steget opp minst i 4.divisjon i første omgang.
Underteikna vil takke for 2-3 flotte år saman med ein gjeng gode fotballspelarar, men ikkje minst flotte folk !
Ei ekstra takk til støtteapparatet som har gjort ein flott jobb, og eg vil spesielt nevne samarbeidet i år med Aleksander og Preben, det har vore heilt i verdsklasse 😊
Desse prisane vart utdelt på festen :
A-lag :
- Årets spelar trenarteam : Erik Florvaag.
- Spelarane sin spelar : Preben Hagen Torvanger.
- Årets unge spelar : Emil Karlsson.
- Beste treningsoppmøte : Erik Florvaag.
- Årets mål(kåra av spelarar og støtteapparat) : Johannes Tjøstheim - borte mot Valder.
- Årets toppskårar : Emil Karlsson - 15mål.
- Assistkongen : Fredrik Kroken Rotset – 10 assist.
- Hagesellebørsen : Preben Torvanger. Andreas Hageselle sin pris etter å ha gjeve poeng på spelarane i kvar kamp.
Junior :
- Årets spelar trenarteam : Erik Florvaag.
- Spelarane sin spelar : Sivert Furevik.
- Toppskårarar : Emil Karlsson - 8 mål.
- Årets mål : Joakim Haugen - borte mot Emblem.
Takk for meg, og mykje lykke til vidare, gutar ! 😊
Sportsleg helsing
Magne Elde
Emil Karlsson
Erik Florvaag
En stykk Rotset. Trolig Fredrik.
Joakim Haugen
Johannes Tjøstheim
Preben Tor Vanger
Sivert Furevik