[email protected]


Logo
Bli medlem
Utleie klubbhus

NM 2016 - JU15

Forfatter: Vegard Gjerde Buset

02. mars 2016

News article image

Når U15-NM i Kristiansand startar på fredag, er det med nokre ekstra spente Blindheimsjenter på plass. For dei aller fleste av jentene er det deira første NM. Og då er det klart at det kriblar litt ekstra i magen før avreisa!

J2002 klare for sitt første NM

 

Når U15-NM i Kristiansand startar på fredag, er det med nokre ekstra spente Blindheimsjenter på plass. For dei aller fleste av jentene er det deira første NM. Og då er det klart at det kriblar litt ekstra i magen før avreisa!

Eit NM er mykje større enn vanlege turneringar. Det varar i tre dagar, og laga må ofte reise langt for å kome seg til NM. Selma Ørskog og Rebecca Dragnes fortel at dette blir første gong dei skal reise med fly til ei turnering. «Det blir også hyggeleg å byte ut luftmadrassa med hotellsenger», seier Selma leande. Jentene har aldri før reist med noko anna enn personbilar og ferjer til kampar, så NM vil verte ei heilt ny oppleving for dei.

Men nokre av jentene har faktisk vore med på NM tidlegare. I fjor var fire av 2002-jentene med til Stjørdal, då JU15 enda på ein sterk fjerdeplass etter ein særs jamn bronsefinale mot Oslo Volley. Ei av desse fire var Amanda Vartdal. Ho fortel at det var veldig lærerikt å vere med på eit NM, og at ho lærte mykje både på og utanfor bana.

I år må 2002-jentene klare seg sjølve, utan eldre spelarar. Dei stiller eit ungt lag, faktisk held alle jentene U15-alder i enda ein sesong. Og jentene og oppmann Kurt Løvoll er samde om at jentene vil lære mykje av å vere med i NM i år, sjølv om dei ikkje vil hevde seg heilt i toppen. Laget seier dei håper å kunne sikre ei plassering mellom dei 15 beste, men er også klare på at resultatet ikkje er det viktigaste i år.

«Eg gler meg til maten og til banketten», slår Selma Ørskog fast. Ho kan også fortelje at ho ser veldig fram til gruppekampen mot Bodø. «Eg er sjølv frå Bodø, så dette blir ein spesielt morosam kamp for meg.» Korkje Selma eller Rebecca trur seedinga har så mykje å seie i år, men vedgår at dei gler seg til å møte betre rangerte lag. «Vi vart overraska då vi såg at vi fekk 12.seeding, men vi tenkjer eigentleg ikkje så mykje på det», seier dei.

Ein ting dei derimot har tenkt mykje på er moglegheiten for å kvalifisere seg for NM. I regionsmeisterskapen i januar var Ålesund motstandar i den avgjerande kampen. «Vi var sjukt gira, vi visste at viss vi vann ville vi kome til NM. Så vi hadde ein ekstrem drive», seier Selma energisk. Ho fortel at dei vann førstesettet klart, etter å ha spelt veldig godt. I andresettet spelte dei «okei», men vann likevel. Jentene er samde om at det var veldig deilig å vinne kampen med 2-0, fordi dei og Ålesund normalt er nokså jamne lag.

Og etter at NM-plassen var sikra byrja arbeidet med å førebu laget til NM. Og det er ikkje berre ein sportsleg jobb, men også ein stor økonomisk bit som må på plass. «Jentene var utruleg ivrige. Dei sette sjølve i gong med å organisere kakebakst og kakesal, og alle har selt mange lodd for å finanasiere NM-deltakinga. Eg er stolt over kor flinke jentene har vore, og dei har klart å redusere eigenandelen ein god del!», seier oppmann Kurt Løvoll.

Men det er to personar som ikkje får vere med til NM, og det er dei to trenarane laget har hatt gjennom denne sesongen. Inga Solevåg og Henriette Garnes trente jentene ut januar, før dei saman reiste på ein tur «jordkloden rundt». Dei er framleis på reise, og får dermed ikkje vere med på NM. Men jentene helser til Inga og Henriette, og seier at dei var særs kule trenarar, som dei gjerne skulle hatt med seg til NM.

Lagleiar i NM vert i staden Marcin Gården. Saman med oppmann Kurt Løvoll og Grethe Gjelstenli skal han ha ansvaret for 11 spente jenter klare for deira første NM. Det vert garantert ei stor oppleving!