Første seriekamp enda med tap
Forfatter: Vegard Gjerde Buset
14. oktober 2015
Men nye sjansar allereie til helga
Søndag tok vi mot Førde i Blindheimshallen, og skulle endeleg få spele ein 1.divisjonskamp heime i Blindheimshallen. Med om lag 200 tilskodarar og eit perfekt arrangement var ramma rundt kampen fantastisk. Det var bra stemning i hallen, og det vart ein fair kamp med solid dømming og sportsleg opptreden frå begge lag.
Men på bana fekk vi det ikkje heilt til å stemme. Nervane låg tjukt utapå dei fleste av oss, og dei to første setta endte med klare tap. Eit nervøst servemottak, og ei noko defensiv oppleggsfase og tilsvarande i angrep, gjorde at vi ikkje klarte å utnytte ballinnehavet vårt godt nok. Førde 2 hadde på si side henta inn to nye spelarar frå i fjor, ein diagonal og ein oppleggar, som begge holdt eit særs høgt nivå. Både leggaren og diagonalen spelte imponerande solid, og vi sleit stort mot diagonalen både i blokk og forsvar. I tillegg gjorde kantane og liberoen til Førde ein god mottaksjobb, og sørga for stabile og forutsigbare arbeidsforhold for sin oppleggar.
I tredjesett vart det noko jamnare (22-25), og det var jamnt fram til 20-20. No byrja spelet å sitte i større grad og stemninga internt i laget steig mer. Også på tribuna var det enda meir entusiasme no enn tidlegare. Diverre er vi både litt udyktige og litt uheldige heilt mot slutten, både med ei nettberøring og med litt anna smårusk, og Førde vann også dette settet.
Men no er opningskampen unnagjort og nervane lagt bort. Vi ser fram mot ei spanande rankingturnering denne helga, der vi fekk ei rimeleg hard pulje, beståande av ToppVolley og NTNUI 2 og 3. Damelaget skal også spele, dei møter Tromsø og Randaberg 2.