Norway Cup - Eit eventyr !
Forfatter: Magne Elde
11. august 2015
Blindheim IL Fotball deltok i år med 5 lag på årets Norway Cup i Oslo.
Alle laga frå klubben budde på ein ny og flott skule på Godlia.
Norway Cup handlar om fotball, men også om så mykje meir.
Spenning, glede, utvikling, frustrasjon, tårer, jubel, samhald, kameratskap - rett og slett ei oppleving for livet !
Eg trur er snakkar for samtlege spelarar, trenarar og leiarar, når eg slår fast at dette var verkeleg nokre fantastiske dagar i Oslo.
Sportsleg gjorde våre lag det veldig godt !
G 16 11àr : Vart nr. 2 i si gruppe bak Søgne FK som seinare skulle gå heilt til bronsefinalen. 1-0 tapet mot Søgne var etter spel og sjansar ufortjent.
Vi slo Avaldsnes 4-0 i 64-delsfinalen i A-sluttspelet, før det dessverre sa stopp med 1-0 tap for Follese i 32-delsfinalen. Follese var eit godt lag som tapte kvartfinalen sin knepent.
G 16 7àr : Kom i ei tøff gruppe og tapte alle sine innleiande kampar og gjekk til B-sluttspelet. Avslutta turneringa strålande med å vinne 32-delsfinalen i B-sluttspelet med 5-1 mot Sykkylven. I 16-delsfinalen leverte laget ein stor kamp, men måtte til slutt sjå seg slått 3-2 på golden goal i ekstraomgangane mot Høyang. Høyang var eit godt lag som gjekk heilt til semifinalen, der dei tapte knepent.
J 16 7àr : Jentene feia gjennom gruppespelet og vann suverent i alle kampane ! Dessverre vart jentene stoppa av tidenes dårlegaste bane i 16-delsfinalen mot Egersund.
Her tapte vi 5-3 i tidens gjørmebad. Egersund gjekk heilt til semifinalen, der dei tapte knepent. Under normale forhold hadde desse jentene kjempa om det største trofeet !
G 14 11`ar : Smågutane overraska positivt og fekk ein kjempeopplevelse i turneringa. To sigrar i det innleiande spelet gjorde at laget vart nr. 2 i si gruppe og gjekk til A-sluttspelet.
I 32-delsfinalen vart det ein dramatisk kamp, der kampen måtte avgjerast på straffesparkkonkurranse etter uavgjort etter ekstraomgangane. Her vart Nordstrand 2 for sterke til slutt.
J 14 7àr : På førehand viste ein at dette laget kunne kjempe om sigeren til slutt. Det skulle også vise seg å stemme !
Laget susa gjennom gruppespelet, leika seg gjennom 16-dels, 8-dels og kvartfinale, før naborival Herd stod for tur i semifinalen !
For ein semifinale det vart, ein kamp som inneheldt alt vi kan ynskje oss av ein fotballkamp. Tøffe duellar, kontroversielle dommaravgjerdsle, høg temperatur både på og utanfor bana, tett og jamnt til siste slutt ! Heldigvis vart vår Sara L. Klokk heltinna då ho med eit strålande venstrefotskudd sende Blindheim til himmels med si avgjerande skåring kort tid før slutt !
Finalen skulle gå mot Syril ! Eg trur jentene kjeme til å hugse denne dagen retsen av livet, for ein ramme, for ein opplevelse for spelarar, trenarar, leiarar og
sikkert for alle foreldre og andre. Jentene våre spelte klart best, men fotball handlar om å skåre fleste mål. Det gjorde Syril og vann til slutt 1-0.
Klart var jentene skuffa, men etterkvart så gjekk nok skuffinga meir over i stolthet og glede over ein fantastisk sterk prestasjon.
Vi kan vere stolte over alle laga våre både på og utanfor bana, for jentene og gutane viste seg som flotte representantar for Blindheim IL Fotball !
Mange flotte blider frå turneringa kan du sjå på vår facebookside.
I tilleg har Bjørna Huse teke alle desse fantastiske bilda : https://flic.kr/s/aHskgGfd2b.