Jentekickoff !
Forfatter: Magne Elde
13. april 2018
Onsdag 18.april seriestartar Blindheim/Fortuna sitt lag i 3.divisjon damer med toppkamp heime mot Volda. I samband med dette vil vi samle alle jentespelarane i Blindheim til eit stort jentekickoff !
Program :
- 16.30-16.45 : Oppmøte/info på Blindheim idrettspark nye kunstgrasbana.
- 16.45-17.45 : Trening – mykje smålagsspel under leiing av Fortunaspelarane.
- 17.50-17.20 : Mat på klubbhuset – Pølse og brød + saft.
- 18.25 : Innmarsj damekampen – Alle jentene dannar ei «borg» frå hallen til bana.
- 18.30 : Avspark i damekampen Blindheim/Fortuna mot Volda.
- Alle jentene fyller tribuna – Sjå vedlagt oppsett for laga.
-19.15-19.30 : Pause i kampen.
- Felles bilde av alle jentene på tribuna.
- Trekning av ei signert AAFK og ei signert Fortunadrakt blant alle jentene,
- Vi skal kåre beste heiagjeng !
Vinnarlaget får sponsa ein pizzakveld på miljørommet for laget verdi 2500,-.
-19.30-20.15 : Andre omgang i damekampen.
* Alle jentene må ha med seg Blindheimsdrakta si !
* Alle jentene får utdelt kvar sine «klappera» for å skape ekstra liv på tribuna !
* Fortunajentene tek med seg NM-pokalen dei vann som Norges beste J19 lag i haust.
Jentene eller laget kan ta bilde med pokalen 😊
Dette skal bli ein kjekk jentekveld ! 😊