[email protected]


Logo
Bli medlem
Utleie klubbhus

Ny seriehelg i 1.divisjon

Forfatter: Vegard Gjerde Buset

28. oktober 2015

News article image

Mange spanande kampar

Blindheim spelar tre kampar i helga. Herrelaget spelar borte mot Austrått og Topp Volley, medan damelaget spelar borte mot Volda. Men andre lag skal også i aksjon.

Herrelaget får det nok tøft i Rogaland, spesielt på Sand. Det er duka for to interessant bortekampar  her. I same avdeling skal Dristug på vestlandstur. Etter å ha fått rankingturneringa delvis øydelagd av skader, er nok Åmlilaget revansjelystne før bortemøta med Nyborg 2 og Førde 2. Dette blir nok interssante kampar med høgt nivå. Førde 2 har jo fått ein drøymestart på sesongen, med bortesiger mot oss, og ikkje minst med sigeren i rankingturneringa. Vil dei framleis vere ubesigra når helga er over?

I avdeling nummer 1 skal TSI spele heile tre kampar i Trøndelag. Der skal dei møte Stod, som ha fått ein ny giv med sin nye trenar, NTNUI 2, som kom heilt til finala i den første rankinga, og Blussuvoll, som vann serien i fjor. I tillegg skal Stod og NTNUI 2 møtast internt, så det er mange poeng å hente i denne avdelinga i helga! Vi tar også med at OSI møter Spirit Lørenskog, til det som blir første seriekamp for sistnevnte.

På damesida er det altså lokaloppgjer mellom Volda og Blindheim. I tillegg skal NTNUI til Rogaland, der dei møter både Egersund og Randaberg 2. Sistnevnte lag er nyopprykka, er er nok svoltne på å vise at sigeren i rankingturneringa ikkje berre var eit blaff.

I den siste avdelinga på damesida skal både ØKSIL og Tromsø til Bergen, der dei møter BSI og Gneist. Dei to siste laga i avdelinga, OSI og Skjetten, skal også spele mot kvarandre. Dermed er det berre damelaga til KSK og Dristug, samt herrelaget til Askim, som har kampfri i helga.