[email protected]


Logo
Bli medlem
Utleie klubbhus

Blindheim - Austrått

Forfatter: Vegard Gjerde Buset

29. februar 2016

News article image

3-1 (28-30, 25-21, 25-22, 25-20)

Så kom endeleg den første heimesigeren. Og for ein dag han kom på!

Laurdag 27.februar skulle vi spele mot Austrått. Tabellmessig betydde kampen lite for oss, men mykje for dei. Emosjonelt og symbolsk betydde kampen noko meir. Siden våren 2006 har vi spelt saman i Blindheimshallen, og laurdag 27.februar var det vår siste kamp saman. Om lag hundre tilskodarar hadde tatt turen til hallen, og vi var klare på parketten. Vi visste dette var siste heimekamp, og siste sjanse til siger.

I førstesettet leia vi både med 13-7 og 23-20, men klarte å rote det vekk, slik at vi tapte 28-30. Kjensla vi hadde mellom setta var likevel korkje frustrasjon eller vonbrot. Det var tru. Vi trudde vi kom til å snu kampen, fordi vi gjennom heile settet hadde følt at vi var eit lite hakk over Austrått, og at det var vi som styrte kampen. Det var vi som hadde dei hardaste servane, dei raskaste kombinasjonane og dei beste forsvarsopphentingane. Følte vi. Trudde vi. Vi trudde på siger. Vi trudde vi var gode nok til å snu kampen.

Og det var vi. Med 25-21, 25-22 og 25-20 vann vi dei tre neste setta. Kvifor? Det er fleire grunnar. Diagonalen til Austrått, Emil Øfstaas, tok heile 10 poeng i det første settet. I dei neste setta klarte vi å avgrense poengfangsten hans, ved hjelp av nokre taktiske endringar i blokk/forsvar. Ein annan grunn er at Johan Sæter vakna til liv, i den siste kampen hans i Blindheimshallen. Med sju blokkpoeng viste han veg for resten av laget. Men den viktigaste grunnen til at vi vant, var at på laurdag var vi betre enn Austrått. Vi gjorde færre feil, tok fleire poeng på kant, tok fleire poeng i midt, og tok fleire poeng i blokk. Slik vert det siger av!