Ei reise frå U15 til 1.divisjon - på fire år
Forfatter: Vegard Gjerde Buset
06. oktober 2015
Herrelaget frå 2011 til 2015. Ei reiseskildring frå kapteinen.
Ei reise frå U15 til 1.divisjon - på fire år
Dei siste fire åra har eg vore ein del av Herrelaget i Blindheim Volley. Det har vore ei fin tid, og ei nydeleg reise fram mot 1.divisjon. Søndag klokka 14 møter vi Førde 2 i Blindheimshallen. Vi håper du kjem på kampen. I denne teksten skal eg skildre korleis Laget kom seg til kampen.
Våren 2013 enda 10 gutar frå to klassetrinn på Blindheim ungdomsskule (og to frå Vika, rett skal vere rett) på 4.plass i U17-NM. Dette understrekar for oss kor viktig det heile vegen, i alle år, har vore for oss å ha ei lokal tilknytning. Vi er stolte over at alt det vi har utretta har vorte utretta av unge gutar frå Blindheim og Ålesund. Unge gutar som på søndag endeleg skal få lov å spele 1.divisjon i Blindheimshallen. Men sjølv om den første kampen spelast på heimebane, har det vore ei lang og tidkrevande reise fram til kampen. Og vi skal love at sjølv om vi no skal spele på eit høgare nivå, så skal vi det neste året halde fram med å satse på den gutegjengen som har vore med på denne fantastiske reisa.
Eg vil byrje med å skildre situasjonen på herresida i Blindheim for fire år sidan. Herrelaget hadde nett rykka ned frå 1.divisjon, og klubben såg ikkje ut til å klare å stille lag på seniorsida. U19-laget hadde gått i oppløysing i løpet av sesongen før, og det eldste gjenværande laget var U16-laget, laget med årgangane 1996 og 1997. Dette laget hadde foregåande sesong takka nei til deltaking i U16-NM, og besto berre av gutar som skulle byrje i 10. eller 9.klasse på ungdomsskulen.