[email protected]


Logo
Bli medlem
Utleie klubbhus

Siste turnering

Forfatter: Vegard Gjerde Buset

30. mars 2016

News article image

Reisa tek slutt på siste ranking i Stavanger

Til helga spelast den siste rankingturneringa i årets 1.divisjon. Vi skal dermed spele våre fem siste kampar denne sesongen, våre fem siste kampar saman.

 

Det har vore ei lang reise, men ho har vore fin. Reisa starta i gymsalen på Blindheim barneskule våren 2006, for over 10 år sidan. Søndag tek ho slutt i den enorme Stavanger Idrettshall.

 

Vi har reist langt, men det har vore ein fin tur. Frå Tromsø i nord til Kristiansand i sør. Frå urbane Nydalen til den ikkje fullt så urbane Olivinhallen. Frå det store Førdehuset til den vesle gymsalen på Bratteberg skule. Frå sisteseeding i U16-NM til opprykk til 1.divisjon

 

Før sesongen skreiv eg om korleis vi kom oss til 1.divisjon. Vi gjekk til sesongen med ein ambisjon om å halde plassen, spele god volleyball og å vinne mest mogleg. Den primære målsetjinga ser vi ut til å ha klart. Ein 10.plass før siste ranking, 30 og 31 poeng framfor dei to nederste laga, gir oss ein god avstand ned til botnen. Men korleis har sesongen vore?

 

Vi opna med eit skuffande heimetap mot Førde 2. Dette var ein kamp vi hadde moglegheitar til å vinne, men ikkje klarte å vinne. Opningnervar, litt under pari prestasjonar og eit bortelag som leverte ein solid kamp gjorde at vi tapte 0-3. Men det var okei, for helga etter skulle vi spele første ranking. Eit tie-breaktap (inntil førre veke vårt einaste denne sesongen) mot NTNUI 2 gjorde at vi ikkje kom til kvartfinala, men i nedre sluttspel heldt vi hovudet kaldt, og vann jamne kampar mot Askim og Blussuvoll, noko som trygga niandeplassen. Eit heilt okei resultat, verken meir eller mindre.

 

Våre neste kampar var i Rogaland. Vår første seriesiger kom mot Austrått, med 3-2, etter 19-17 i tie-break. Ein kjekk siger, og det var veldig godt å vinne på bortbane allereie i den første kampen. Eit oppskriftsmessig tap mot TVN fulgte, i ein kamp der vi berre periodevis leverte godt nok til å halde følge. Bortekampen mot Førde 2 i november er den heilsvarte kampen denne sesongen. Trass i ei god opning, tapte vi soleklart 0-3. Rett og slett elendig, er dommen over den kampen.

 

Etter Førdekampen hadde vi mykje å revansjere i rankingturneringa i Tønsberg. Men ein svak opningskamp mot Askim gjorde at bekymringane byrja å melde seg. Heldigvis presterte vi betre mot Blussuvoll, og sikra kvartfinaleplass rimeleg greitt. I kvartfinala ga vi bort førstesettet mot TSI etter å ha kontrollert det, men med to gode sett etterpå vann vi kampen 2-1. For første gong var vi i semifinale i ei ranking, og rankingpoenga berre rann inn. Trass i eitt nytt tap mot det beste laget i 1.divisjon, TVN, i semifinala, gjekk vi angrepslystne til verket mot Spirit i bronsefinala. Og det vart vår beste kamp i turneringa, med siger 2-1, og ein fantastisk tredjeplass i ranking.

 

Neste kamp enda med tap 0-3 mot eit Dristug som serva eksepsjonelt godt. Sunnmørsposten meina vi var sjanseløse, og det skal eg gje dei rett i. Sjanselause er også ordet som kan nyttast om heimekampen mot TVN. I nest siste heimekamp, mot Nyborg 2, vakna vi litt. Vi vann eit utruleg jamnt andresett med 34-32, og fekk vår første settsiger på heimebane. Men kampen tapte vi 1-3, og dermed var sisteplassen i avdelinga eit faktum.

 

Mykje er sagt om siste heimekamp mot Austrått, både før og etter. Faktum er uansett at vi vann 3-1, og fekk ei særs god avslutning på heimebane. Det ga sjølvtillit inn mot dei to siste bortekampane, mot Nyborg 2 og Dristug. Mot Nyborg vann vi med 3-1, etter ein av dei merkelegaste kampane vi har spelt i år. Begge lag utmerka seg med mykje variabelt og dårleg spel, men i andre- og tredjesett vart i alle fall publikum gleda av to lange og spanande sett. I avslutningskampen mot Dristug i Åmli spelte vi mykje betre, men tapte med 2-3. Litt irriterande å ikkje vinne, men samstundes er det ikkje gale å vinne to sett i Åmli.

 

Vi enda sist i serieavdelinga vår, og har berre oss sjølve å takke for det. Vi hadde nok av sjanser til å sikre dei naudsynte poenga til å klatre ein plass eller to, men spesielt før jul var uttellinga for dårleg. Eg tenkjer spesielt på Førde-kampane og heimekampen mot Nyborg. Samstundes er eg ganske viss på at vi ikkje hadde endt sist i den andre avdelinga. Dei to nederste laga, TSI og Blussuvoll, har vi slått henholdsvis to og tre gongar denne sesongen. Dei øvrige laga i avdelinga har vi også slått i løpet av sesongen, med unnatak av OSI. Så eg er viss på at vi ville skrapa saman i alle fall 12-15 poeng i denne avdelinga, og enda på ein fjerde- eller femteplass, men slik gjekk det altså ikkje. Hypotesa om at det i år diverre er eit noko ujamnt styrkeforhold mellom avdelingane styrkast av at på dei to første rankingturneringane, så har fem av dei sju beste laga (rankingpoengmessig) kome frå vår avdeling, avdelinga 2.

 

I årets siste ranking møter vi OSI og Nyborg 2 i pulja. Dette er kanskje den tøffaste pulja vi har vore i denne sesongen. OSI har vi ikkje møtt tidlegare, dei vann den andre avdelinga, og ligg på andreplass i førstedivisjon. Ut frå det eg har sett framstår dei som eit solid lag, som må reknast som store favorittar mot oss. Den største svakheita laget har vist på rankingturneringar, er at dei har svinga ein del i prestasjonar frå kamp til kamp. Men så kan vel heller ikkje vi seiast å vere uskuldege i ustabile prestasjonar..

 

Nyborg 2 har vi møtt to gongar så langt i år, med ein siger til kvart lag. Dei plar stille sterkt på rankingturneringar, og var mellom anna i finala i Tønsberg. Eg reknar difor også dei som favorittar mot oss. Det er jo også mogleg at dei stiller med spelarar frå elitestallen, og i så fall er dei i alle fall favorittar!

 

Men vi skal til Stavanger for å spele vår siste turnering saman, og vi gler oss! Det blir ei spesiell turnering, men målsetjinga er å kome til kvartfinala. Og skulle vi mislukkast med det, vil vi gjere som i Trondheim, og gjere alt for å sikre oss niandeplassen. Dette blir kjekt!