Bli med og fyll Blindheimshallen!
Forfatter: Vegard Gjerde Buset
03. oktober 2015
Søndag 11.oktober er det endeleg 1.divisjon i Blindheimshallen igjen
Søndag 11.oktober klokka 14.00 spelar Blindheim mot Førde 2 i serieopninga i 1.divisjon menn, avd 2. Etter fire sesongar i 2.divisjon er Blindheim endeleg tilbake i ein landsdekkande serie, og det med eit særs ungt lag.
I første kamp er det Førde 2 som er motstandar. Laget enda på nedre halvdel i 1.divisjon i fjor, men har i år ein særs brei og god stall å velje frå. Det er difor eit bra lag som kjem til Blindheimshallen neste søndag. Vi håper på bra publikumsoppmøte, og at Blindheimshallen kan fyllast av volleyballglade sunnmøringar. Som arrangør stiller vi sjølvsagt med kiosk, speakerteneste og kampprogram. Møt gjerne fram, og ta med deg ein ven eller to.
AaFK tilbyr i helga billettar til eliteseriekampen mot Sandefjord for hundre kroner. Vi er ikkje noko snauare, og gir deg 1.divisjonsvolleyball for berre ein femtilapp! Vi kan også høyne med å love at det blir godt og varmt i Blindheimshallen neste søndag :)
Kampsponsor er Vegsund Slip.