[email protected]


Logo
Bli medlem
Utleie klubbhus

Ny kamprunde i 1divisjon

Forfatter: Vegard Gjerde Buset

13. november 2015

News article image

Herrelaget møter Førde 2
Damelaget møter KSK og Dristug
Mange andre spanande kamper!

Herrelaget speler borte mot Førde 2 i helga, og får ein tøff kamp mot laget dei rauk 0-3 mot i serieopninga. Heime i Førde har nok sunnfjordingane enda fleire spelarar å velje mellom, så vi forventer ein vanskeleg kamp i Førdehuset på søndag.

 

I same avdeling skal Austrått spele sine to første bortekampar. Det vert to vanskelege kampar mot dei to topplaga så langt, Dristug og Topp Volley. Samtidig skal også andrelaga til Nyborg og Førde møtast i Bergen, ein spanande kamp veka før elitelaga til desse to klubbane møtast til storkamp i kvartfinala i cupen. Nyborg 2 opna med ein sterk siger mot serieleiar Dristug, og vil nok gjerne bevise at dei også i år blir å rekne med mellom dei aller framste laga i 1.divisjon.

 

I avdeling 1 skal NTNUI 2 reise rundt på Austlandet for å spele ikkje mindre enn tre bortekampar. Studentlaget leverte ein kruttsterk andreplass i rankinga, men har berre vunne ein av tre kampar i serien til no. Skal dei vere ein kandidat til topp tre samanlagt i 1.divisjon, bør dei sanke poeng i helga. Motstandarar for NTNUI er Sprit Lørenskog, OSI og Askim. Spirit er ubesigra så langt, men har berre spelt ein kamp. Tek dei tre poeng i helga vil dei ha kome godt i gang i år også, med gode moglegheiter for å forsvare sølvmedalja frå i fjor. OSI står med ein siger og eitt tap til no. Den flotte fjerdeplassen i rankinga viste likevel at laget har dugleikane til å hevde seg høgt oppe. Askim er i ein heilt anna situasjon enn NTNUI, ettersom laget hadde ei svak rankingturnering, men har fått ein god ligastart. I helga jager laget sin tredje strake siger, som potensielt kan sende dei til topps i avdelinga. Ein kamp skal spelast i Tromsø, der Tromsøstudentane tek i mot Blussuvoll. TSI ventar framleis på sin første siger, men tie-break mot NTNUI 2 og ein oppløftande cupkamp mot BK Tromsø gir grunn til optimisme før heimemøtet med avdelingsleiar Blussuvoll. Eit Blussuvoll-lag som etter to heimesigre toppar avdelinga, og no gjer seg klare for sin første bortekamp denne sesongen.

 

Damelaget til Blindheim skal sørover i helga for å spele to bortekampar. KSK og Dristug er motstandarar, i det som nok vert ei spanande helg. KFUM Volda skal ut på den same turen, fulle av revansjelyst etter tapet mot Blindheim for to veker siden. Og i Rogaland jager Egersund sin førse seriesiger, men får det tøft mot Randaberg 2, som vann rankingturneringa i Trondheim.

 

I avdeling 1 spelast slaget om Nord-Norge når eit ungt BK Tromsø-lag reiser for å møte eit enda yngre ØKSIL-lag. BKT ligg på andreplass i avdelinga, med ØKSIL to poeng bak før kampen i helga. BSI skal på tur til Austlandet, der serieleiar OSI og Skjetten står på menyen.

 

I tillegg til dette skal to av våre spelarar vere med i eliteserietroppen til Kristiansund når dei møter NTNUI i morgon. Både Lars Martin Sandanger og Jørgen Grongstad er klare for ein kamp der KVBK diverre ikkje kan seiast å vere favorittar. NTNUI står som einaste lag med full poengscore i eliteserien til no, anført av ein dominant volding, Sigurd Festøy.