Vi tek no imot påmeldingar for FFO-året 16/17 !
Forfatter: Magne Elde
16. mars 2016
Blindheim IL Fotball fortsette sin suksess med fotballfritidsordning og utvidar tilbodet til 3 dagar i veka !
Vårt første år med FFO har vore ein suksess med ca. 50 deltakarar. Ved oppstart av eit nytt FFO-år i august, så utvidar vi no vårt tilbod til 3 dagar i veka.
Tilbodet gjeld for alle gutar og jenter i frå 2.klasse til og med 6.klasse både frå Blindheim barneskule og Flisnes barneskule.
I vår fotballfritidsordning vil fotballaktiviteten stå sentralt, og vere tilpassa som eit supplement til dei ordinære lagstreningane på kveldstid.
Vi vil tilby FFO kvar mandag, onsdag og fredag og Blindheim FFO vil følje skuleruta.
Du finn all informasjon her på nettsida.
Klikk deg inn på fana Fotball, så vil du få opp kategorien Fotballfritidsordning.
Her finn du blant anna informasjon, vedtekter og skøknadsskjema.
- Ein treng ikkje vere medlem i Blindheim IL for å nytte dette tilbodet !
Søknadsfrist 4.april.
Vi har maks 50 plassar kvar dag !